Kvinnovasjon er SIVA sin satsing på kvinnelige gründere, som gir deg nettverk, kompetanse og inspirasjon til å lykkes. Klikk her for å se hvor du kan delta i Kvinnovasjon.
Næringshagane i Leikanger og Nordfjordeid, Fram Flora og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har gjennomført fire rundar med etablerarprogrammet Kvinnovasjon i Sogn og Fjordane. Det har til no vore eit tilbod til dei som er i startfasen.
Tida er klar for å fokusere på verksemder med potensiale og ambisjonar om vekst. Huldra VEKST er ei vidareføring for selskap som ønskjer å vekse og som har potensial og ønskje om vidare utvikling og mål om å tilsetje fleire.
VEKST skal ha fokus på vekstforhold, oppfinansiering, marknadsutvikling/bedriftsutvikling, internasjonalisering og organisasjonsutvikling.
Første samling vart nyleg gjennomført, der 11 personar frå 10 verksemder var tekne opp i programmet. Det er alle verksemder med mykje potensial og vil gjennom dei tre samlingane i programmet jobbe fram ein strategiplan. Ofte startar ein verksemd aleine og nettverk er ein viktig faktor i slike satsingar. Det er særleg viktig å ha fleire å spele på som ein kan drøfte utfordringar og vegval med.
– Sogn og Fjordane treng verksemder som er villige til å vekse og skape fleire arbeidsplassar, seier prosjektleiar Marit Gjerstad.
I dei siste åra har det vore ei jamn etablering av verksemder der ei kvinne står bak. I eit fylke som vårt er det utruleg viktig at ein har fokus på dette og at ein kan tilby slike satsingar som Kvinnovasjon står for. Nettopp Sogn og Fjordane manglar kvinner, og dei må ofte starte si eiga verksemd om dei ønskjer å etablere seg i. Prosjektet har gode støttespelarar i SIVA og Sogn og Fjordane fylkeskommune og prosjektadministrasjonen vonar det blir fleire rundar med VEKST-satsing.
Samla bilde med alle deltakarar: Kvinnovasjon Vekst_2012
Fakta om Kvinnovasjon
Kvinnovasjon er ei landsoppfattande satsing frå Kommunal- og regionaldepartementet for å auke delen kvinnelege etablerarar til 40 % innan 2013. Satsinga er kanalisert gjennom SIVA ( www.siva.no ) som nyttar sitt utviklings- og innovasjonsnettverk til å gjennomføre satsinga (næringshagar og kunnskapsparkar).