Kvinnovasjon er SIVA sin satsing på kvinnelige gründere, som gir deg nettverk, kompetanse og inspirasjon til å lykkes. Klikk her for å se hvor du kan delta i Kvinnovasjon.
Målgruppa er verksemder som er mellom 2 og 5 år.
Målet med Huldra Vekst er å få robuste verksemder som skal vekse og utvikle seg. Tal verksemder ein ønskjer med i programmet er ti.
Ein vil at verksemdene skal sette eigne konkrete mål som omhandlar vekst. Konkrete mål for prosjektet er:
1. Verksemdene som deltar skal utvikle ein strategiplan for vekst og utvikling.
2. Verksemdene som deltar skal auke si omsetning med 30 % innan eitt år.
3. Verksemdene som deltar skal ha auka tilsetting med minst ein person innan to år.
Det vil vere eit «kriterium» at verksemda/dagleg leiar har deltatt på etablerarkurs (Huldra Start eller liknande) eller at dei har ein forretningsplan.
Huldra Vekst skal, som namnet seier, ha fokus på vekstforhold, oppfinansiering, marknadsutvikling/bedriftsutvikling, internasjonalisering og organisasjonsutvikling. Tema blir skreddarsydd etter verksemdene som blir tatt opp sitt behov og potensiale.
Det vil være mentorordning under programmet, ein vil organisere verksemder i gruppe og ha gruppementor om det er hensiktsmessig.
Det vil vere ein forelesar som tar seg av det faglege og som er foredragshaldar under samlingane. Ved å ha ein fast foredragshaldar sørgjer ein for god kontinuitet gjennom programmet.
Programmet vil inneholde 3 samlingar frå fredag til laurdag. Ein vil ha ein ny samling, dagssamling, våren 2012, for å oppsummere og undersøke om dei har fått starta på vekst og utviklingsstrategien.
Dato for samlingane 2012:
20. – 21. januar, Skei Hotel
17. – 18. februar
16. – 17. mars
08. juni – samling Huldra Vekst
09. - 10. juni – Nettverkssamling for alle! - stor nettverkssamling
Ein vil også kople opp gruppa med resten av nettverket under nettverkssamlingane.
Arrangørene bak programmet er Nordfjordeid Næringshage, Leikanger Næringshage, Flora Næringshage og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Prosjektleiar er Marit Gjerstad frå Flora Næringshage.
Skriv litt om:
• Bakgrunn og kort historikk – og kven er du ?
• Kva har skjedd frå oppstart og fram til no ?
• Situasjonen din no ?
• Kva ynskjer du skal vere situasjonen om 1 – 3 – 5 år ?
• Korleis vil du få dette til ?
• Handlingsplan ?
• Behov for hjelp og kompetansebehov ?
• Kapitalbehov ?
Se også søknadsskjema.
Skriv ein kort status om deg sjølv og kva du ynskjer – slik at vi best mogeleg kan tilpasse Huldra Vekst for deg om du vert med.
Frist for å søkje er sett til fredag 05. januar 2012. Eigenandel kr. 3.000,-
Send søknad til prosjektleiar Marit Gjerstad.
Kontaktinformasjon
Fram Flora AS
Marit Gjerstad
marit@framflora.no
57 75 45 05 / 93 66 38 60
Nordfjordeid næringshage AS
Arild Hjelmeland
arild.hjelmeland@nykunnskap.no
45 60 05 26
Leikanger næringshage AS
Einar Skram Husabø
einar@leikangernh.no
57 65 69 45 / 90 06 33 55
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Kjetil Kvåle
kjetil@kunnskapsparken-sf.no
95 20 65 74
| Vedlegg | Størrelse |
|---|---|
| annonse-huldra-vekst.jpg | 332.73 KB |
| soknadsskjema_kvinnovasjon_vekst.doc | 30 KB |