Norge trenger flere kvinner som starter bedrift. Tar du utfordringen? Kvinnovasjon gir deg nettverk, kompetanse og inspirasjon til å lykkes.
Kontakt Kvinnovasjon der du bor!
Kvinnovasjon (www.kvinnovasjon.no) er eit landsoppfattande satsing frå Kommunal og regional departementet for å auke delen kvinnelege etablerarar til 40 %. Satsinga er kanalisert gjennom SIVA som nyttar sitt utviklings- og innovasjonsnettverk til å gjennomføre satsinga (næringshagar og kunnskapsparkar).
Huldra VEKST er tiltenkt bedrifter som ønskjer å vekse, som er etablert og som har potensiale og ønskje om vidare utvikling, vekst og med mål om å tilsette fleire.
Målgruppa er verksemder som er mellom 2-5 år.
Målet med Huldra Vekst er å få robuste verksemder som skal vekse og utvikle seg. Tal verksemder ein ønskjer med i programmet er ti.(10)
Ein vil at verksemdene skal sette eigne konkrete mål som omhandlar vekst. Konkrete mål for prosjektet er:
1. Verksemdene som deltar skal utvikle ein strategiplan for vekst og utvikling.
2. Verksemdene som deltar skal auke si omsetning med 30 % innan eitt år.
3. Verksemdene som deltar skal ha auka tilsetting med minst ein person innan to år.
Det vil vere eit ’kriterium’ at verksemda/dagleg leiar har deltatt på etablerarkurs (Huldra Start eller liknande) eller at dei har ein forretningsplan.
Huldra VEKST skal, som namnet seier, ha fokus på vekstforhold, oppfinansiering, marknadsutvikling/bedriftsutvikling, internasjonalisering og organisasjonsutvikling. Tema blir skreddarsydd etter verksemdene som blir tatt opp sitt behov og potensiale.
Det vil være mentorordning under programmet, ein vil organisere verksemder i gruppe og ha gruppementor om det er hensiktsmessig.
Det vil vere ein forelesar som tar seg av det faglege og som er foredragshaldar under samlingane. Ved å ha ein fast foredragshaldar sørgjer ein for god kontinuitet gjennom programmet.
Programmet vil inneholde 3 samlingar frå fredag til laurdag. Ein vil ha ein ny samling, dagssamling, våren 2012, for å oppsummere og undersøke om dei har fått starta på vekst og utviklingsstrategien.
Dato for samlingane 2012:
20. – 21. januar, Skei Hotel
17. – 18. februar
16. – 17. mars
27. - 28. april Ekstrasamling !!
08. juni – samling Huldra Vekst
09. - 10. juni – Nettverkssamling for alle! - stor nettverkssamling
Ein vil også kople opp gruppa med resten av nettverket under nettverkssamlingane.
Prosjekteigar(PE) er Nordfjordeid Næringshage, Leikanger Næringshage, Flora Næringshage og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Prosjektleiar er Marit Gjerstad frå Flora Næringshage.
PE utgjer også styringsgruppa for prosjektet.
Søknadsprosess:
Skriv litt omkring dei punkt som står under:
• Bakgrunn og kort historikk – og kven er du ?
• Kva har skjedd frå oppstart og fram til no ?
• Situasjonen din no ?
• Kva ynskjer du skal vere situasjonen om 1 – 3 – 5 år ?
• Korleis vil du få dette til ?
• Handlingsplan ?
• Behov for hjelp og kompetansebehov ?
• Kapitalbehov ?
Viser her til søknadsskjema under kontaktinformasjon
Skriv ein kort status om deg sjølv og kva du ynskjer – slik at vi best mogeleg kan tilpasse Huldra Vekst for deg om du vert med.
NB!
Utvida frist for å søkje er sett til torsdag 05. januar. Eigenandel kr. 3.000,-
Send søknad til prosjektleiar Marit Gjerstad, sjå under kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon
Fram Flora AS
Marit Gjerstad
marit@framflora.no
57 75 45 05 / 93 66 38 60
Nordfjordeid næringshage AS
Arild Hjelmeland
arild.hjelmeland@nykunnskap.no
45 60 05 26
Leikanger næringshage AS
Einar Skram Husabø
einar@leikangernh.no
57 65 69 45 / 90 06 33 55
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Kjetil Kvåle
kjetil@kunnskapsparken-sf.no
95 20 65 74
Første samling i Huldra Vekst vart nyleg gjennomført. –Alle 10 verksemdene har mykje potensial og vil gjennom dei tre samlingane i programmet jobbe fram ein strategiplan, seier prosjektleiar Marit Gjerstad.
Huldra Vekst i Sogn og Fjordane er programmet for verksemder som ønskjer å vekse, som er etablert og som har potensiale og ønskje om vidare utvikling, vekst og med mål om å tilsette fleire.
| Vedlegg | Størrelse |
|---|---|
| soknadsskjema_kvinnovasjon_vekst.doc | 93.5 KB |
| Annonse.jpg | 332.73 KB |