Kvinnovasjon

SIVAs satsing på kvinnelige gründere

240 kvinner på kick-off i Hordaland

I løpet av dei siste månadane har fem miljø gjennomført oppstart og kick-off for Kvinnovasjon i Hordaland fylke.

Mottakinga har vore svært positiv og det er no med forventning og spaning ein går vidare med prosjektet.

Kvar kick-off har vorte gjennomført som ein konferanse der man inspirerte og informerte om Kvinnovasjonsprogrammet. Fleire ulike gründerar/bedriftsleiarar var med og delte sine erfaringar. Blant anna så har ein hatt med gründer Signe Aarhus frå Oleanna, Janne Vangen Solheim frå Janus, Erik Windahl Olsen fra Webhuset og Sissel Himle frå Kari Traa. Samlingane var postitive og fulle av engasjement og ein er ekstra nøgd med at oppmøte har vært så bra. Det lovar godt for det vidare arbeidet!

Fem miljø

Nettverket Inunet og Kvinnovasjon i Hordaland samarbeidar med Atheno (industriinkubator), Nyskapingsparken i Bergen (FOU-Inkubator) og næringshagane på Voss, Odda og Mongstad. Desse miljøa er samla regionalt gjennom nettverk Inunet.

Det er Inunet som har søkt om å få Kvinnovasjon til fylket. Kvart av dei fem miljøa har sin eigen prosjektleiar som utviklar konseptet for sin region. Prosjektleiarane arbeidar tett saman om kompetanse og erfaringsutveksling, men tek utgangspunkt i lokale forutsetningar i det enkelte regionale opplegget.

Fylkeskonferanse

Basis i alle miljøa er at kvinner med idear og ynskjer rundt det å etablera bedrift, dei som har etablert og dei som er interessert i næringsarbeid generelt møtes for faglegutvikling og nettverksbyggjing.

Kvart miljø er no i gang med nettverksamlingar, mentorordningar , kursutvikling og kompetanseprosjekt. Og i fellesskap vert det arbeidd med ein fylkeskonferanse som vert gjennomført 23. september i Bergen.

Følg Kvinnovasjon Hordaland på Facebook.