Kvinnovasjon er SIVA sin satsing på kvinnelige gründere, som gir deg nettverk, kompetanse og inspirasjon til å lykkes. Klikk her for å se hvor du kan delta i Kvinnovasjon.
Kvinnovasjon Hordaland er blitt den glade og heldige eigar av ei ku! Ei flott ku som bærer det ærverdige namnet Miss Kvinnovasjon Hordaland, også kalt Miss KvinnHo blant kjente.
– Me sit med eit kubevis og kua inngår i fattigdomsprosjektet KERWDA, der den vil utgjør ein vesentleg forskjell for ein familie. Det er stas, sier Astrid Steinsland, prosjektleder i Kvinnovasjon Hordaland.
I samband med konferansen som vart gjennomført 6. oktober var ein av innleiarane Bitten Schei. Gründer av Mother Courage, kjent for sitt arbeid for sosialt entreprenørskap og økt solidaritet mellom verdens kvinner. Med stor humor og kreativitet arbeidar ho mot fattigdom. Landsbyar i Uganda får kyr, griser, høner, geiter, symaskiner, land, murstein, strikkemaskiner, opplæring, utvikling av nye produkt, leiartrening, skulepengar, mikrobank, grisehus, fjøs etc.
– Ei ku kan gjera ein stor forskjell for den som ikkje har noko. Dette synest me det er flott å vera med på, sier Steinsland.
Utfordringa går vidare til andre Kvinnovasjonsmiljø i Norge. Gå inn på www.mothercourage.no. Kan me få til eit heilt fjøs med Kvinnovasjonskuer i Uganda?
Tekst: Kvinnovasjon Hordaland, foto: Ian Britton, Freephoto.com